
Nei, det er ikkje menn av typen «mannen i gata» me siktar til denne gongen. Men fjellrekkja som strekkjer seg vestover frå Vatnadalen, den er oppført med namnet Mennene på kartet.
Ein morgon tidlegare i veka rulla eit tjukt skoddeteppe inn frå havstroka vestanfor og brått hadde Herlege Stordøy fått kvite toppar – midt i sommarferien. Og når sant skal skrivast, har det vore mange spenstige skyformasjonar på kvelven siste vekene.
Reint spennande å følgja med på.
