Ruska godt på kyrkjeberget

«En stormdag paa Lervik», står det på dette postkortet som vart stempla klart for sending 22. desember i 1919. Biletet er signert  S.K., signaturen til Severin Kannelønning, som sikra mange forteljande motiv frå Stord  på denne tida.

Nokre bygningar står  nedom  parkeringsplassen ved Kyrkja framleis, og mellom nausta og Møllebuo kan skimtast  skipsbyggjeverksemda som hadde tilhald på staden. Biletet var originalt i svart kvit versjon, men er friska opp med fargar med hjelp frå kunstig intelligens, opplyser avsendaren til Stordront.no.