
Nokre dagar attende retta Stordront.no merksemda mot tilveksten av vassliljer i Vikastemmo. Grunna ferie kjem svaret frå avdelingsleiar i den kommunale veg- og grønt avdelinga, Håkon Litlabø, først no. Han skriv i e-posten:
– Me har drøfta problemstillinga med Grønt-avdelinga. Dei opplyser at vassliljene i Vikastemmo ikkje har vore vurderte som eit problem tidlegare, og det har difor heller ikkje vore gjennomført tiltak mot dei.
Per i dag har kommunen ingen fast tiltaksplan for fjerning av vassliljer i vatnet. Me vil likevel gjera ei ny vurdering av situasjonen etter sommarferien, når me har full bemanning på plass, for å sjå om det er behov for eventuelle tiltak.
Takk for at de gjorde oss merksame på dette.
Siste dagane har Stordront.no fått tips om at vassliljene byrjar gro urovekkande godt også i Meatjødno på Heiane.
