Fuglen vann igjen

Då første raude bæret skulle høgtidleg handplukkast – hadde fuglen alt vore der. (Foto: Steinar Hystad)

Ei veke og vel så det etter fjoråret, rett nok, men like spennande har det vore å følgje første bringebæret i modningsprosessen. Ekstra spennande er den personlege kampen om å vera «først på ballen», som blir den korrekte namnebruken i det store VM-året. Motstandaren heiter Trast, ei ganske vanleg svartatrast, (skjetatrast, som nokon meiner er rettaste namnet).

Det heile går ut på kven som blir den første til å plukka første heilt raude bringebæret for sesongen. Det såg ganske bra ut på siste sjekkrunden på sein kveldstid. Men ikkje ikkje heilt ferdig og raudt «all over», liksom. Plukket vart vedtatt utsett til komande morgongry. Men då hadde konkurrenten alt vore på vengene og med nebbet sett djupe spor i det raude kjøtet.

Altså, fuglen vann i år også.

Sidan det blir påstått at ein lærer om lag like som ein lever, skal tida framover brukast til grundig planlegging av neste år oppsetting av «Slaget om første raude bringebæret».