
På det vesle rapoet ved utløpet av Frugardselva, rett oppom Møllebruo, ligg ein heil og ein halv møllestein som handfaste minne om det som ein gong var på denne industristaden. Den flate steinen mol korn til mjøl, den litt
bua møllesteinen mol havre til gryn. Bak steinane står eit skilt som på ymse språk fortel at det ikkje er lovleg å fiska i elva. No meiner lokalhistorikar Tore Lande Moe tida er meir enn mogen for å informera godtfolk om området Frugardselva – Kyrkjeberget.
På denne strekningen var det i si tid ei særs aktiv mølle, der var e-verk (første i Stord ), der var ei stampa og på Kyrkjeberget eit større skipsbyggjeri. I nyare tid var det også ein sjoddifabrikk i området. Den soga burde vore fortalt med tekst og bilete i informasjonsramme, på same vis som ved Vikabekken og ved Gildeskålsbakken, noko lenger oppe i Ådlandsvassdraget, seier Moe til Stordront.no.
Han er også oppteken av at det vert fjelga lange elvebreidda, klypt i buskaset, slik at møllesteinane som er tekne vare på blir synlege for den store turskade som går langs Ådlandvatnet heile året. For når det lauvast i li, er det få som får auga på kulturminna.

