Då var «Sunnhordland» den største

«Ronja West» raga over det meste i hamna. (Foto: Steinar Hystad)

Enkelte syn gjer det farleg enkelt å gli inn i mimremodus, som her om dagen då den høge føringsbåten for laks (og smolt?) «Ronja West» la til på ferjesida av Hauglandskaien. Skipet raga over det meste av bygningar i hamneområdet, og ikkje minst over M/S » Sunnhordland». Båten som for mange stordabuar ,som etterkvart er komne i mogen alder, var noko av det største som fanst på sjøen , og så gjekk han like til Bergen og tilbakers. Det var den ein reiste med når ærendet var å «ta mandlane».