
Når du går opp trappa til andre høgda i Stord Kulturhus, blir du møtt av fire maleri som heng på mursteinsveggen. Desse er ein heller liten del av kunsten kommunen har i si eige. Felles for den kommunale kunsten er at verka heng til ålmenn skue rundt i dei mange bygg stordabuen har som felleseige.
Dette faktum kjem fram i eit notat frå kommunedirektøren, som svar på eit verbalpunkt frå kommunestyret sin budsjettdebatt for 2025. Der bad den politiske leiing om ei oversikt over magasinert kunst i kommunen.
Kommunedirektøren skriv:
Magasinert kunst er å forstå som kunstverk på lager. Per i dag har ikkje Stord kommune noko kunstverk på lager. I hovudsak er all kunst i kommunen si eige levert ut til einingar. I tillegg kjem kunst som einingar har fått i gåve, skaffa sjølv eller lånt av Stord kunstlag eller andre. Kommunedirektøren har oversikt over kva verk som er levert dei ulike einngane, men ikkje alltid den nøyaktige plasseringa internt.
Vidare i notatet står å lesa:
Det er i hovudsak god oversikt oven den komunale kunsten. Retningslinene for forvalting syter for at kunsten vert
forsvarleg ivareteken.
