Stord/Fitjar har fått sitt eige «pidnaspel»

Steinar Ånderå har laga eige pidnaspel for Stord/Fitjar. Siglo, Ålforo og Fitjar i nord, Golvet, Vikjo og Huglo i sør. (Foto: Steinar Hystad)

No treng ikkje lenger stordabuar og fitjarbuar gå rundt å vera misunnelege på bømlingar, som nokre år alt har kunne gleda seg over sitt eige pinnaspel. Eller «pidnaspel», som dei seier der i vest. Trekunstnar Steinar Ånderå, har nemleg ganske nyleg sendt på lokalmarknaden eit eige pinnaspel for Stord og Fitjar kommunar, med tilhøyrande øyar.

– Ja, da blei ittekvart monge som spore itte noko slikt, når di såg bømlavarianten, seier Ånderå til Stordront.no. I tida føre jul har pidnaspel vore eitt av mange produkt han har med seg til messer. Nissenøtteknekkar og vaffelpinnar, er mellom anna han tryllar fram i heimeverkstaden. Vår- og sommarstid går det meir i diverse utemøblar.

Ein stor terning med seks lokale namn og 40 små pinnar ligg i skrinet til både bømlaspelet og det nye for Stord Fitjar. På loket finn ein kart over kommunen/ane og fem hol kor pinne skal setjast nedi, medan nedputt i sjette holet (Siggjo og Golvet), den medfører at pinnen forsvinn. Og det er også meininga, for den som til slutt sit utan pinnar, er vinnar. Motsett går det om ein trillar fram eit hol-namn som alt er oppteke av ein pinne, den må plukkast inn. Spelet høve godt både for to og fire deltakarar.

Steinar Ånderå med godt utval treprodukt på julemarknaden i Moster amfi. (Foto: Steinar Hystad)