Vikjo kring 1950?

Motiv frå Leirvik – me tippar kring 1950. (Bilete er forbetra vha KI)

I Stordront-redaksjonen rår det ei viss uvisse kring dette biletet frå Leirvik og Vikjo. Ikkje kring sjølve motivet, det fortel om ein triveleg kystby i fin utvikling. Det me lurer mest på er kva årstal me er tilbake i – og kva stor båt som ligg i opplag i indre hamn, i dagens gjestehamn. 

Triobyningen er ikkje komen opp, Søre Kaisving gjer teneste som tilførsleveg til kaien. Innfor Nattrutekaien kan me sjå at området Osen ikkje er fylt i, og så ser det ut for at eit større arbeid er i gang i Sæ-området.

Kjekt om noko kan hjelpa med årstal og båtnamn! Kan senast til stehys@online.no.