Forsiktig når du rundar Stord-døra

Det er fleire slike djupe «sig» under Stord-døra. (Foto: Steinar Hystad)

– Me er fullt klare over tilstanden på gangvegen, men meir usikre på korleis problemet skal angripast. Sjøen jobbar jo konstand der ute, seier hamnesjef Inge Espenes til Stordront.no.

Har du vore på tur rundt Stord-dør fundamentet ytterst på Molotuppen, har du sikkert merka deg dei djupe djupe holene og eindel sig i grunnen som gjer det utrygt å ferdast på staden. Heile området ligg på fylling og sjøen er stundevis særs arbeidssam i steingrunnen. Bølgjer frå passerande båttrafikk er truleg også medverkande til at gangvegen rundt «døra» er blitt som han
er. – Me jobbar for å finna tiltaket som kan stabilisera massane betre, seier hamnesjefen.