
40 kilometer i timen (40 km/t) er høgaste lovlege fart på dei fleste sentrumsnære vegar i Leirvik. Her er også ei rekkje sonar skilta med 30km/t. Dette er eit faktum det kan vera verd å minna om med jamne mellomrom, sidan kunnskapen om lovleg fart stundom kan verka fråverande. Det har med trafikktryggleik å gjera, så enkelt og så viktig. Så er det heller ikkje utan grunn at skiltet som varslar 40 i Hamnegata er valt som illustrasjon til denne påminninga. På strekningen Hamnetind – Moloen verkar det som om det er ekstra inspirerande å trø litt ekstra «på pedalen». Det har også politiet merka seg.
