Kvar dag ein Stord-flaggdag

Frå stille tilvære i kjellaren til frisk vaiing i vinden for kommuneflagget. (Foto: Steinar Hystad)

– Ka flagda di for i dag, då?

Dette var spørsmålet frå stordabuar «i gata» når dei på ganske alminnelege kvardagar såg det norske flagget vaia i vinden på toppen på Rådhuset. Det var gjerne noko særskilt å markera, og slik har kommunen vore flink.

For ikkje så lenge sidan kom det opp eit nytt flagg på kommunehuset vårt. Når vinden er såpass frisk at flagget blir strekt fullt ut, eller nesten fullt ut, er det kommunevåpenet med kristtornen innteikna, som viser seg. Eit flagg av typen som kan hengja oppe døgeret rundt.

– Er det nytt?

– Ikkje heilt. Flagget vart funne i rådhuskjellaren for litt sidan og vart straks teke ut av «arkivet» og heist til topps.

– Så no er kvar dag blitt Stord-flaggdag?

– Ja. Akkurat, blir det sagt med eit smil frå resepsjonstelefonen i Rådhuset.