Nådde i dei blå i juni i år også

Byrjar endeleg så smått å bli blått i lyngen. (Foto: Steinar Hystad)

Modninga i lokale bærskogar har gått nokså trengt så langt denne sommaren, og like til etter sigeren over Elfenbenskysten tysdag kveld lurte me på om det skulle bli blå juniblåbær å finna i 2026. Difor ut på bærtur seint på kveld på siste junidagen, til ei slik tidlegtuve me har godt venskap med.

Og takk for det.

Der var det blått, ikkje i mengder førebels men tre bær i rette fargen lyste fint opp i den grøne lyngen, og gav trua på ok
blåbærsesong. I alle fall betre enn fjoråret, då måtte me tidvis leita godt for å fylla spannet. Samstundes som me ønskjer lukke til med plukkinga, er det grunn til å minna om at blåbær er ei gratis kjelde til god dessert og sunn kost.