
Me møttest to gonger på runden, og det var ved andre gongs passering på Grov, du smilte og sa dei rette orda: – Her er så fredfullt på denne turen.
Her og no blir det skrive nokre ord som støttar utsegna fullt ut. Grov – Sjoalemyro – Grov, eller Sjoalemyro – Grov – Sjoalemyro. Det er opp til ein kvar å velja utgangspunkt, det er godt parkeringsplass i begge endar. På turen får eien vandra i veldriven skog, tjukk naturskog og mykje på god skogsveg, pluss over nokre våte parti kor turlagsmedlemer pådugnad har lagt ut kloppar med antisklinot på. Reknar ein halvannan time på runden har du ok tid i familietempo. Legg ein inn ti-femten minuttar til, har ein også kviletid på utplasserte benker. Ja ein får då godt høve til å nyta det fredfulle, akkompagnert av herleg fuglesong (jaffall på denne årstid).
God tur.

