
Det er som om dei har noko å fortelja, ei melding å gå, endene som kjem imot på den vesle bakken der Vikastemmo renn ut i Vikabekken. Fuglane kvakkar livleg iveg og når blikket vårt blir retta mot vassflata i den kommunalt eigde stemmo, anar me kva saka gjeld. Det byrja bli ganske så tett med liljer på overflata, flyteblomane dekkjer etter kvart større deler av vatnet og noko bør vel gjerast før det blir heilt gjengrodd. Endene fekk lovnad om at denne spesielle utfordringa skulle vidaresendast oppover
i «systemet», og det er no gjort.
