
I dag gjer Stordront.no det same som nettstaden gjorde 3. juni dette året, altså for godt tre veker sidan: Me sender ut ny sterk oppmoding frå «mann i gata», om at rette instans må ta affære og retta om den «skakke» lysmasta ved Rondingen på kaien. – Det passar seg ikkje for «Den vesle byen, for det heilt store» at det skal få lov å sjå slik ut i sentrum, seier kjelda vår. For ikkje berre er pålen skeiv etter ein samanstøyt, sjølve lyskuppelen har flytt seg til feil side, bort frå trafikken.
