Etterlyste «hogst-tiltak» for Hystadøyane

Skogen rår grunnen – på Husøyo (nærast) og Valeøyo.

Ytstøyo, Fyrøyo, Valeøyo og Husøyo, har til felles at dei ligg i innsegling til Leirvik. Like mykje har Hystadøyane – som dei gjerne blir omtalt i det daglege – til felles å vera særs godt skogkledde. Eit resultat av granplanting i etterkrigstid. Den lett eldre garde av stordabuar med adresse rundt Vikafle, vil hugsa øyane med gilde svaberg som populære utfartsstader og rekreasjonsområde sommarstid.

Kommunestyremedlem siste periodar, Geir Angeltveit (V) har løfta spørsmålet om mogleg hogst på øyane til politisk debatt, sist hausten 2024, då 2025-budsjettet vart vedteke. I verbalpunkt 33 som fleirtalet i kommunestyresalen støtta fullt opp om, heiter det:

«Hystadøyane: Kommunestyret ber kommunedirektøren gå i dialog med grunneigarar og venelag i Hystadøyane med sikte på restaurering av øyane som rekreasjon- og hekkestad, gjennom til dømes tilrettelegging for hogst. «

– Du etterlyste saka i sist møtet før ferien, kva var svaret, Angeltveit

– Eg fekk berre muntleg svar om at dette hadde dei i arbeidslista i 2026. Så det er vel ikkje gjort noko enno.