– Saknar sårt eit merka overgangsfelt

Her, der autovernet sluttar utfor Rema 1000, blir det igjen etterlyst merka overgangsfelt på Kjøtteinsvegen. (Foto: Steinar Hystad)

Det er fullt lovleg å kryssa/gå over vegar, vart det svart frå høgare vegstyresmakter då Stordront.no ein gong tidlegare melde inn sakn av overgangsfelt, mellom anna mellom Bytunet og Trollkrabben på kaien. Der er gangtrafikken over fylkesvegen etter måten stor, noko som også er tilfelle mellom krysset der Skotabergvegen møter Kjøttinsvegen utfor Rema1000 på Bjelland. På staden har gangfelt med kvite striper vore sårt sakna lenge.

Biltrafikken er til tider heftig på denne delen av Kjøttinsvegen, og sjølv om det er fullt lovleg å kryssa vegbanen i gåfart, føler ein seg mykje tryggare når det skjer i merka felt.

– Ver så snill og etterlys overgangfeltet endå ein gong, er oppmoding Stordront.no får frå gåande ein heilt vanleg onsdag ettermiddag. Det er no gjort.