God jonsoktradisjon på Leiropadl

Hunveden frå Tveit, sør på Huglo, brann godt på Leiropadl. (Foto: Steinar Hystad)

Med ein pose spon iblanda litt diesel, og rimeleg frisk trekk frå Nuen, gjekk det kvikt å få kveikt hunved-bålet på Leirepadlen (eller Leiropadl) jonsokaftan. Huglo Idrettlag har lange tradisjonar for å samla godtfolk til bålfest og grilling på den vesle grastunga som strekkjer seg ut over Leirostranda. Forresten eit unikt grunnvass område, sentrale styresmaktar har i gang ein fredingsprosess for. Også i år var frammøtet framifrå godt.

Friskusar som vart freista av badestranda på Leiro under jonsok-samlinga måtte kle sg godt Badetempen let jo venta på seg. (Foto: Steinar Hystad)