
Det var ein mann Stordront.no møtte ved Thon Senter Stord, vis a vis Kulturhusparken, som stilte spørsmålet. Han sat på ein av stolane utfor Bakar Brun kafeen og såg mot Vikabrekko og Meierikvarteret, men såg lite og ingenting anna enn tjukt lauvverk på mektige tre.
Såg han oppover, var det lauv som stengde for utsynet også den vegen. Innsynet frå Hamnegata mot Kulturhuset er prega av same sikt. Store lauvtre, som har fått veksa og leggja på seg i volum sidan tidleg på åttitalet.
Spørsmålet om me treng denne storskogen i bykjernen er «betimeleg» og blir med dette vidaresendt til dei som kan svara og eventuelt kan få lys inn i lauvverket.
