
For litt sidan kunne det lesast på denne nettsida at politiet såg med alt anna ein blide augo på krusedull-køyring og dekksviing i rundkøyringa under Stord-døra på moloen. Om det var oppslaget som gjorde til at aktiviteten har rosa seg på den lokasjonen, kan jo vera tilfelle. I staden er den farlege krøllekøyringa flytta til oppstillingsplassen for dei som skal med ferja frå Jektavik. Der er det siste tida kome fæle spor i asfalten. Politiet sa til Stordront etter hendingane på Moloen at dette er farleg framferd på hjul, både for den som driv «sporten» men ikkje minst for all anna trafikk.
