Satsar på ny tømmerkai i Sagvåg

Det blir jobba for ny tømmerkai i Sagvåg. (ill. foto: Steinar Hystad)

– Stord kommune og Stord Skogeigarlag ber om snarleg møte med politisk leiing i Landbruksdepartementet i samband med søknad om ny tømmerkai på Stordøy, helst i løpet av juni.

Med denne bøna opnar ordførar Sigbjørn Framnes brev til den politiske leiinga i departementet. Han vil ha med seg lokalt styremedlem i skogeigarlaget, Jakob Bjelland, til Oslo.

Framnes minner om at Landbruksdepartementet har anerkjent trongen for ny tømmerkai i regionen gjennom å innvilga støtte til slik kai på Sør-Stokken 2022 – 2023. Prosjektet let seg ikkje gjennomføra grunna kostnader knytt til vegutløysinga. Seinare har kommune og skogeigarlag identifisert eit gjennomførbart alternativ for tømmerkai i Sagvåg, kor det i 2021 vart
ferdigstilt ny veg til området (Grunnavåg).

Dekningsområdet til tømmerkaien vil vera Stord, Fitjar, Bømlo og Sveio, med eit produktivt skogareal på 300 000 dekar og forventa årleg uttak på 25 000 – 30 000 kbm.

Det er enno nokre år att at festeavtalen for tømmerkaien ved Tømmervikjo, som på sikt kjem delvis i konflikt med tenkt og planlagt utvikling av området. Det er såleis ikkje realistisk med forlenging av festeavtalen for spesialkai for tømmer der, melder Stord-ordføraren.