Kanskje dei hadde roa seg litt

Stjerten viser kven som bur i kassen på påletoppen. (Foto: Steinar Hystad)

På vandring over brua som knyt Trondheim sentrum saman med togstasjonen og snøggbåtterminalen i byen, passerer ein nokre dryge pålar godt festa i sjøbotnen. På toppa av desse er det plassert halvopne trekassar, som fekk ein stordabu til å undrast på kva installasjonane var godt for. Ein måkestjert som stakk opp frå eine kassen, gav svaret. Hekkande måkar kan vera iltre i framferda i prosessen med å auka talet familiemedlemer, slik ein kan oppleva støyande sjøfuglar i kvartalet Osen/Kulturhuset/Thon
senter. Hadde måkane roa seg om nokre fødekassar var blitt stilt til disposisjon for ruging?