
Stord kommune har fått fleire bod på den gamle brannsatsjonen på Vabakkjen. Felles for alle, er at dei ligg under taksten på 12 millionar. Høgaste bod untan noko som helt atterhald, er på 9 250 000 kroner. Det låg i korta då kommunen vedtok å byggja ny stasjon for brann og redning i Studalen (postadresse Bandadalen 100), at den gamle stasjonen med stort uteareal skulle seljast. Når saker som dette dukkar opp i den kommunal forvalting, der salsobjekt oppnår dårlegare bod i marknaden enn taksten skulle tilseia – då er regelen å løfta saka til avgjer i kommunestyret. Det skjer med gamle brannsatsjonen komande torsdag, og frå kommunedirektøren ligg føre to tilrådingar:
Første
- Kommunestyret godkjenner sal av eigedomen gnr. 41, bnr. 146 og 170 tidlegare brannstasjonstomt på Vabakkjen til høgaste bod utan atterhald.
- Kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføra salet, inngå kjøpekontrakt og forestå oppgjer i samsvar med gjeldande meklarstandard.
- Overtaking skjer etter nærare avtale mellom partane.
Så alternativ tilråding:
- Kommunestyret avslår alle innkomne bod.
- Kommunedirektøren får fullmakt til å vidareføra salet i marknaden og leggja saka fram til ny politisk handsaming når nye bod eller endra marknadsforhold tilseier det.
