
Å ha mobilen «for hand», kan stundom vera eit reint lukketreff når ein har trong for å dokumentera spesielle hendingar. Og det må me vel kunna seia det er når ein velvaksen Mikkel kjem på besøk i hyttehagen.
Han (ein rev) stilte seg nok ikkje opp 20 meter frå stoveglaset for å bli fotografert, han hadde meir tanke for eit måltind og granska det meste rundt seg og prøvde grava lett i bakken. Besøket vart kort, men sidan mobilen var klart til «skot», kunne besøket forevigast.
Reven var denne ettermiddagen på tur i nærleiken av Leiro på Huglo. På øya, gjerne omtalt som austre bydel i Stord bykommune, er reven oftare å sjå enn på sjølve Stordøy. Offisielt skal det ikkje finnast rev i kommunen, kan me lesa.
Rev er eit rovdyr som et kva det måtte vera og det dyret som er mest tilpassingsdugande. På spørsmål om jakt på rødrev, svarar
miljodirektoratet.no – over heile landet kan ein jakta og fangsta rødrev frå 15. juli til 15. april.
