
Det kan henda at einkvan i Fitjar ser kjennsfolk på dette biletet, sidan det dukka fram frå eit privat eskearkiv i den kommunen. Kanskje det er mogleg å minnast speidarleiren ved å kikka nærare på omgivnadene, at det er noko å kjenna att der? Og sjølvsagt hadde det vore gildt om nokon har namn å visa til på dei unge (den gongen) speidarane. Også på dette biletet har kunstig intelligens hjelpt til med fargelegginga. Fint om den om har informasjon å by på, sender denne til tips@stordront.no.
