Fontene-spruten er i kjømda

Berre å venta litt til, på vass-stråla i fontenen. (Foto: Steinar Hystad)

– Me har ein plan, og får me gjennomført den kjem det vass-sprut i Rondingen på kaien, om litt.

Dette svarar, Håkon Litlabø, einingsleiar for Veg og Grønt i Stord kommune, når Stordront.no etterlyser vatnet i fontenen. Litlabø legg til at det er tekniske utfordringar med pumpesystetm som gjer at ein i år er litt bakpå tidmessing med fontenespruten.

– Mangel på vatn kan det vel ikkje vera?

– Nei på ingen måte.