
Temperaturen og veret generelt slit med å fortelja at me nærmar oss høgsommar. Per 10 juni, er det framleisl lurt å ha genseren innan kort rekkevidde. Det same med oljehyra. Nett i denne samaheng var det tysdag oppløftane å gå sein kveldstur langs hamnepromenaden i Leirvik. Og særleg inst i Teinevikjo – for brått kvapp ein til grunna yrande liv og sommarvarsel frå næraste vassflata. Der fossa ein stim av halvvaksne makrellar eit par meter frå kaikanten, bråvende og bråvende igjen, nærast så sjøen var på boblande kokepunkt. Slike syn høyrer sommaren til, så då får me tru at det er verbetring i sikte.
Pir er namnet på miste makrellane, den som no er på gjesting er halvstor og har tilnamnet kuvl, eller kuv`l som dei seier på Bremnes. Visst du forresten av makrellen kan bli 30 år, og det utan å ha «stått i ro» eitt sekund!
