
Statsforvaltaren i Vestland fylke, Liv Signe Navarsete har studert budsjettet for 2026 og økonomiplanen for 2026/2029 for Fitjar kommune. Ho avslutta reit brev i saka til kommuneleiing med følgjande konklusjon:
«Det er viktig at kommunen oppnår netto driftsoverskot i år og i dei komande åra i økonomiplanperioden, og at resultata ikkje blir svakare enn det som er innarbeidd i planen. Når kommunen si lånegjeld blir større framover, er det viktigare å ha eit større netto driftsoverskot. Netto driftsoverskot bør difor oppfylle det nye måltalet på minst 1,75 prosent av driftsinntektene.
Disposisjonsfondet er blitt redusert i dei seinaste åra, også i 2025. Det er no mindre enn 10 prosent av driftsinntektene. Når kommunen si lånegjeld aukar framover, er det også viktigare å ha eit større disposisjonsfond. Disposisjonsfondet bør difor bli opparbeidd til det nye måltalet på minst 15 prosent av driftsinntektene. Økonomiplanen 2026-2029 legg gjennom heile planperioden opp til å styrke disposisjonsfondet. Basert på planen, er det realistisk å oppnå det nye måltalet for disposisjonsfond ved utgangen av planperioden. Det nye måltalet for lånegjeld korrigerer ut lån som er sjølvfinansierande, i hovudsak gjennom mottekne avdrag og renteinntekter (utlån startlån) og mottekne avgifter (VAR-sektoren).
Den korrigerte delen av lånegjelda er den delen av gjelda som belastar dei frie inntektene, det vil seie skatt og rammetilskot. Vi vurderer det nye måltalet som føremålstenleg for kommunen. Budsjett og økonomiplan legg opp til låneopptak som inneber at lånegjelda (utanom VAR og startlån) vil kome på den øvre grensa i 2029 som ny handlingsregel legg til grunn, det vil seie maksimalt 80 prosent av brutto driftsinntekter. Det er viktig at kommunen held seg innafor den øvre ramma for låneopptak i handlingsregelen, slik at ikkje gjeldsbelastninga blir for stor over tid.»
