Baud på nostalgisk Sabb-lyd

Røff maritim ekvipasje slo seg kvikt på fram med rytmiske Sabb-slag. (Foto: Steinar Hystad)

Alt då den eldre sjarken passerte Oma-slippen på vegen inn til Leirvik, kunne maritimt interesserte gleda seg over taktfaste slag frå Sabb’en ( 22 hk) nedi motorkassen. Faktisk, og litt diverre, er det sjeldan med slike tonar frå sjøen for tida, og difor måtte Stordront forvita seg meir om den staslege trebåten.

– Sjøsett frå skipsbyggeri på Lyngholmen i Sveio 1945, for ein fiskar i Hervik i Ryfylke. 81 år gamal er 26-fotaren blitt, men framleis er det mykje originalt om bord. Har skifta nokre bord i skroget, medan alle spant i godt form framleis, fortalde eigaren. Han kom frå Stavanger og hadde Nordheimsund som mål for turen. Der skal Lyngholmbåten vera deltakarar på årets trebåtfestival, komande helg.