Alternativ for Leirvik?

Du finn den smarte utedoen i Fjordgata i Trondheim. (Foto: Steinar Hystad)

Når naturen i oss krev sin rett, er det ikkje på Vikjo akkurat lett å finna staden, for i løynd å kunna letta på trykket. Det har i mange samanhangar vore drøfta kvar folk i trengde sitasjonar skal få hjelp, og i dag kan Stordront presentera eit særs presentabelt alternativ. Ei topp moderne variant at den tradisjonelle to-setaren, denne med to dørar og skiljevegg, står lagleg til i Fjordgata sentralt i Trondheim by. Eit absolutt greitt alterantiv å sjå nærare på for Stord og bydelen Leirvik.