
Eit samrøystes utval for oppvekst og utdanning i Stord drøfta på sist møte evaluering av bruken av digitale verkty i Stord skulen. Det vart gjort samrøystes vedtak, som lyd slik:
«Utval for oppvekst og kultur meiner at Stord kommune bør prioritera å sikra oppdaterte fysiske lærebøker i alle fag på alle trinn. Utvalet bed kommunedirektøren om at det i samband med årets budsjetthandsaming vert utarbeida ei oversikt over tilgangen på fysiske lærebøker i stordskulen, og forslag til å omprioritera ressursar frå digitale verktøy til å sikra oppdaterte lærebøker i alle fag på alle trinn på alle skulane i Stord kommune. Innstilling frå utval for oppvekst og kultur.
Utval for oppvekst og kultur ber ordførar setja saka på sakskartet til kommunestyret.»
