
I møte 3. juni behandla fylkesut ei oppfølgingssak om to ferjesamband som trengte vidare avklaring. Dette er del av ein pågåande prosess for førebuing av ny konkurranseutsetting av ferjedrifta i Hordaland, med oppstart av nye kontraktar i 2030, skriv Vestland fylke på nettsida si..
– Ferjetilbodet er grunnleggjande for at folk og næringsliv i Vestland skal kunne kome seg fram. Det er viktig at vi sikrar eit robust og føreseieleg tilbod også i åra som kjem, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Fylkesutvalet vedtok at sambandet Sydnes–Fjelberg–Borgundøy–Utbjoa vert vidareført med same rutetilbod som i dag. Sambandet er avgjerande for fastlandstilknyting for Fjelbergøy og Borgundøy, og dekker mellom anna viktige behov for skule- og arbeidsreiser i området.
Fylkesutvalet vedtok også at administrasjonen skal jobbe vidare med vurderingar av framtida for Utne–Kinsarvik..
For å sikre eit stabilt ferjetilbod ved driftsavbrot vil fylkesutvalet ha ei eiga reserveferje i kontrakten for sambanda Skjersholmane–Ranavik, Jektavik–Hodnanes–Nordhuglo og Utåker–Matre–Skånevik.
Fylkesutvalet vedtok at fylkeskommunen i det vidare arbeidet med anbodet skal vurdere korleis eksisterande infrastruktur kan nyttast i størst mogleg grad, og korleis kravspesifikasjonar vert utforma på ein måte som ikkje medfører krav om nybygg på alle samband.Dei samla årlege kontraktskostnadene for ferjer frå 2030 er vurderte å liggje i intervallet mellom 1,6–2,0 milliardar kroner (2025-kroner), samanlikna med dagens kostnad på om lag 1,265 milliardar.
Ei sak om samla løysingar for ferjene i Hordaland før konkurranseutsetting vil bli lagt fram til politisk behandling til hausten.
