Hundrevis ville syngja i parken.

Det må vore dette som var meininga då Dr. Vidsteen og kona Bergitte gav denne indrefileten av ein eigedom til innbyggjarane i kommunen i 1913; At parken skulle brukast til glede for alle. Når god sang og musikk spelte på lag med det junivarme været, så var suksessen berga.

For 9nde året vart det arrangert allsang i parken. Lorentz Kannelønning tromma saman musikarane, laga flott sanghefte og er pådrivar for arrangementet i lag med venelaget for parken. Dette er tydeligvis noko publikum set pris på. 

Dei som var med på scena i parken:

  • Alssang-orkesteret, under leiing av Lorentz Kannelønning
  • Stord demenskor
  • Sangkoret Happy
  • Klangboltane
  • Paulina Liashko og Evelina Savchynets
  • Øystein Olsen konfransier og forsonga