
Kommunedeplan avløp og vassmiljø og Kommunedelplan for vassforsyning ligg for tida ut til allmenn høyring hjå stordabuen. Måndag var planane til behandling i Eldrerådet, som i samrøystes vedtak sende frå seg desse høyringsinnspela:
1. Eldrerådet er uroa for auken i vassavgifta i Stord kommune og følgjene dette kan få for innbyggarar med allereie avgrensa økonomi.
2. Planen må inkludera beredskap spesielt i høve sabotasje av vasskjelder. Er overvaking av drikkevasskjelder inkludert i planen?
