
Då ferjekaien på Nordhuglo, av fylkeskommunen som eigar, vart erklært klar til bruk var det eit stort ope hol mellom kaikant og «fastlandet». Tjukke stolpar som held kaifronten oppe var synleg, elles var det berre sjø å sjå.
Årstalet var 1969. Huglafolket reagerte på opninga, spurde hjå kaieigar om det var mogleg å få grov plank, så skulle dei byggja inn holet på dugnad. Som vanleg er når noko litt ekstra skal gjerast på øya. No må dei truleg ta reprise på tiltaket.
For to år sidan stengde fylkeskommunen trekaien for bruk, undersøkingar stadfeste svake punkt og han kunne ikkje lenger brukast som ein del av kaiområde. Lokalt har det vore undring om kva som skulle skje vidare. Svaret kom denne veka, då mannskap frå Mesta byrja riva plankadekket.
Kva kjem i staden, lurte mellom andre Øystein Huglen, leiar i bygdalaget på. Ingen ting kjem i staden. Per no er det ingen planar om korkje ifyll eller nytt treverk, blir det opplyst frå fylkeskommunen
– Kan det koma hjelp frå kommunen i saka, ordførar Sigbjørn Framnes?
– Førebels ser det smått ut. Eg har hatt spørsmål for Huglo ferjekai oppe i samferdsleutvalet i fylket, men ikkje fått positivt svar. Det manglar midlar til opprusting. Ei løysing kan kanskje vera at kommunen finn ei ordning, noko eg vil lufta med administrasjonen vår. Me veit at det er trong for arealet på ferjekaien på Nordhuglo. Biltrafikken i Nuen-sambandet har auka
monarleg sidan 1969. For 47 år sidan, seier Framnes.

