
I samband med at Tide vann anbodet og kan vidareføra kollektivrutene i Stord, Bømlo, Fitjar og Sveio, blir det full utskifting av bussmateriellet, opplyser områdeleiar Stig Louis Myklevold til Stordront.no.
Totalt disponerer Tide 60 bussar i sona som har nemninga Sunnhordland. Alle skal skiftast. Når dei nye bussane rullar ut på vegane 29. juni, blir det med 38 som har elektrisk framdrift og 22 med diesel på tanken. At ikkje alle køyrer elektrisk har si årsak i vegklasse og akseltrykk.
– El-bussane har batteripakkar om bord, som gjer dei noko tyngre. Det krev at vegnettet me skal køyre på har høgste klasse på akseltrykk, fortel Myklevold.
