Kommunedirektøren svarar om tilfluktsrom

I underhøgda i Stord Kulturhus er det skilta for tilfluktsrom. (Foto: Steinar Hystad)

Frå Stordabu med adresse ikkje så langt frå Aker Solutions, har Stord kommune fått spørsmål om private kontra offentlege tilfluktsrom i området. Det blir m.a.vist til at ein tunnel på industriområdet i si tid var omtalt som tilsluktsrom for ålmenta.

Kommunedirektør Mariann Jacobsen Hilt, svarar:

«Stord kommune takkar for brevet og for at du tek kontakt med spørsmål knytt til tilfluktsrom og beredskap.
Når kommunen informerer om tilfluktsrom, gjeld dette dei offentlege tilfluktsromma, som kommunen har ansvar for å halda oversikta over, drifta og informera om. Desse er tilgjengelege for allmenta ved behov.

Tunnelen det blir viss til på Aker Solutions AS sitt anleggsområde på Kjøtteinen ligg på privat eigedom og er rekna som privat tilfluktsrom. Slike private tilfluktsrom finst det mange av rundt om i landet, særleg knytt til industri og næringsverksemd. Det er ikkje kommunen, men Sivilforsvaret som har det overordna ansvaret for oversikt og regelverk knytt til private tilfluktsrom.

Kommunen har ikkje grunnlag for å omtala eller bruka private tilfluktsrom i sin informasjon til innbyggjarane, då desse ikkje er opne for allmenn bruk og ikkje ligg under kommunalt ansvar. Eventuelle endringar i bruk eller status for private tilfluktsrom er eit forhold mellom eigar av anlegget og statlege styresmakter.

Når det gjeld generell beredskap og tilflukterom, vil kommunen halda fram med å informera om dei offentlege tilfluktsromma, og dei tiltaka kommunen sjølv har ansvar for, i tråd med gjeldande regelverk og nasjonale føringar.»