– Gode turlaget

Heldige er me her på øyo som har eit så godt fungerande og aktivt turlag som det DNT Stord-Fitjar er. Takk for nok eit flott arrangement, og gratulerer med Topp 8 i 10 år!

Det er ei glede å gå slik ein langtur i fjellet når ein berre møter på imøtekomande folk i alle ledd. Takk for godt merka løype, og alle heiarop og smil før, under og etter turen. Og ikkje minst takk for ekstra motivasjon i form av litt sukkerpåfyll på toppane. 

Vonleg spelar véret meir på lag neste år så fleire finn vegen til fjells og Topp 1, 4 eller 8.

Vel blåst alle involverte! Og takk for turen.

Helsing
Margareth Urheim Gram og  Line Hystad.