
I fjor på denne tid, var førsteslåtten alt blitt til rundballar på grasbøane rundt oss.Varmen og stråler frå den gule kula hadde på denne tid i fjor fått opp tempen i dei mange drivhus rundt oss, og både agurkar og tomater kunne plukkast.
Så langt i år har det vore meir stille både på slåtteenga og i drivhuset. Dette kort og vondt fordi «mai du skjønne milde» ikkje har levd opp til sitt gode rykte.
Men det er von om betring, når når me no har byrja på juni’en.
Utan at me av den grunn skal stoppa forsyningslina frå posen med meiseboller til matestasjonen for svarttrast og andre fykande vener i hagen.
