
Nokre stader rundt Leirvik hamn kom det i fjor opp informasjonsskilt med tips til padleruter langs Stordalandet. Eit flott tiltak, for dei som likar å bruka eigne krefter på eiga framdrift. Padlehobbyen er det fleire og fleire som trivest særs godt med. Og turen langs Vikafle byr på mangt å sjå. Ei plasserings-korrigering bør det likevel bli før komande sesong slår inn for fullt. Det gjeld namnet Aslaksvikjo som er skrive inn der det visseleg heiter Hystadvikjo. Alaksvikjo og Aslaksneset er geografisk plassert der Leirvik AS ( tidlegare Leirvik Sveis AS) held til, rett innom Hysøyo.
Då kart vart studerte for å bli hundreogførti prosent sikre i vår påstand, breidde det seg uvisse om skrivemåten for områdenamnet Hystad. Det vart ved fleire høve skrive Hysstad.
Nokon som kan hjelpa med ei forklaring?
