Allsong i Parken

Sundag 7. juni er det på nytt «Allsong i Parken». Om vêret blir som her i 2023. (Arkivfoto: Steinar Hystad)

7. juni klokka 16:00 ønskjer Venelaget for Parken velkommen til ein ny runde «Allsong i Perken»

I skrivet som landa i Stordront.no sin digitale postkasse, onsdag, står det å lesa at Øystein Olsen vil vera forsongar og programleiar.

Endre Olsen, Klangboltane og Tribuneorkesteret er faste innslag og Stord Demenskor er med for tredje året. I tillegg kjem det nokre park-debutantar i form av Gladkoret Happy og to ukrainske talent, Polina og Evelina, frå Musikklina ved Stord vidaregåande skule. Dei spelar gitar og syng.

Om vêret ikkje spelar på lag vert arrangementet flytta inn i Teltet på Torget. Dette vert kunngjort seinast dagen før.

Vel møtt, helsar Venelaget for Parken.

Om det blir som i 2024, flyttar Venelaget for Parken arrangementet inn i teltet på Torget (Arkivfoto: Steinar Hystad)