
2. juni 2026 kl. 17.30 vil me i sogelaget arrangera årets andre rusletur. Den startar ved Hageberg skule, om lag 4,5 km forbi kommunegrensa langs E39. Det er god parkering ved skulen.
Kunnige karar frå Fitjar Sogelag, med Ingmund Bjordal i spissen, vil fortelja skulesoga, med tillegg av anna lokalt Hagebergstoff, herunder soga om og lagnaden til bedehuset i bygda. Heile strekket langs Langenuen, kalla Stranda, har mykje å by på, både gardalangs og sjøveges. Kanskje høyrer noko frå dei lauvkledde liane mot fjellpartiet kalla Tindane? Me har vel høyrt om Tindeslottet, med landets luftigaste.
Vidare skal me til Vistvik, om lag 800 m lengre nord. Ta helst bilen med til stor parkeringsplass tett ved E39 – på oppsida vis-a-vis nedkjøringa til Vistvik. Her vil lokalkjendis og entreprenør, sjølvaste Johannes Nesse, ta imot oss på tunet sitt. Han, og gjerne nokre til, vil fortelja om liv og røre i det området. Me vil få høyra soger om gamle jordavegar, om hendingar opp gjennom tidene og mykje anna forvitneleg. Ikkje minst vil me få høyra om korleis Johannes bygde ut sitt minikraftverk. Me vil kanskje få sjå korleis straum blir laga!
Som vanleg vert det lett servering til det lyttande sogelagsfolket frå Stord’en, som denne gong også kan få helsa på likesinna frå Fitjarbygda.
Velkommen, helsar Styret i Stord sogelag
