For kaldt for smolten også

«Fangst» på veg til kai i Leirvik, etter avslutta tråling etter smolt i Sunnhord-farvatnet.. (Foto: Steinar Hystad)

Like sikkert som me kvart år går frå april til mai månad, er det at den blå vesle trålaren «Fangst» av Molde kjem gjennom Lyraskjersundet og set kurs mot indre hamn i Leirvik. Her har farty og mannskap base ein om lag fire veker. I år for 18. gong. Kvar morgon går trålaren ut i Sunnhordlandsfjordane for å tråla etter smolt. Lakseungar som er blitt såpass store at dei kjenner dragning mot ope hav, der dei skal eta seg store og bli økslingsføre før dei vender attende til Etneelva, eller eit anna vassdrag for produsera neste generasjon. Kva smolt ver granska for lus, og det er sentral fiskeristyresmakter som er oppdragsgjevar.

Denne mai månad har det helst vore smått med fangst for «Fangst», blir det opplyst om bord. Grunnen er låg temperatur i sjøen. Er det for kald, kvir smolten seg for å leggje ut på den lange symjeturen.