
– Er det slik å forstå at ein mindre del av nye gravplassen i Frugarden alt er klargjort?
Slik lydde spørsmålet Stordront sende dagleg leiar i Stord Anlegg, Knut Olav Skaar. Den som no passerer gravplassen vil sjå at eit område med grønt gras skil seg ut innom anlggsgjerdet.
– Det er ein fåtall ledige gravplassar i Frugarden og i tilbodet var det eit krav at eit areal på vel 800 kvadrat skulle gjerast ferdig først. Den delen av arbeidet er klargjort innan tidfristen. Heil ferdig med gravplasutvidinga skal me vera når det lid mot nyttårsskiftet, opplyser Skaar.
