Noko slik såg det ut også i 1913

Byrjar laga seg med både mold og gras i botnen av vassverket under Lønningssåen. (Foto: Steinar Hystad)

«Ved oppdæmning av en myr under Lønningaasen vestenfor Leirvik tilveiebringes det nødvendige magasin. Magasinets bund bestaar av et fra 1 til 2 meter tykt lag myrjord, som i sin helhet skal utgraves. Dammen forsynes med et indtakskammer, hvorfra utgår en 9 toms hovedledning ned til veikryss ved Dahls hotel».

Sitatet er henta frå Vestlandske Ingeniørbureau si tilråding til Stord kommunestyre då det i 1913 vart vedteke å satsa på kommunalt vatn til busetnaden i regionen Leirvik. Ordninga med kvar si kjelde og kvar sin utedo var ikkje ok då husa vaks opp tettare og tettar i tettstaden.

Såleis var det Vassverket i Lønningsåsen oppstod. Arbeidet med å spa myrmolda tok til 19. april og alt 1. september same året (1913) skulle godt vatn renna i springane. Like fram til 1938 hadde Leirvik nok vatn til hushaldet frå kjelda i Lønnngsåsen. Der etter vart Ådlandsvatnet kopla inn, seinare Ravatnet og Tysevatnet.

For nokre år sidan vart Vassverket tappa og sidan har naturen teke over og botnen byrjar sjå ut noko lik han var då vassverksvedtaket vart teke. Demningen er vedteken riven.

Demningen byrjar sjå noko sliten ut. (Foto: Steinar Hystad)