Måte leggja ut oljelenser ved Moloen

Nye oljelenser vart henta frå hamnestellet sitt laget og gjort klar for utlegg i småbåthamna. (Foto: Steinar Hystad)

Eit uhell i samband med dieselfylling i tank i bunkersstasjonen på Moloen i Leirvik førte til lekkasje ved 18-tida andre pinsedag. Dieselen spruta ut på asfalten og noko rann til sjøs. Mannskap frå Stord Brann og Redning kom snøgt til staden då lekkasjen vart meldt, og det vart straks gjort tiltak for å rydda opp. Spesialstoff som syg til seg diesel vart spreidd » på bakken» og oljelenser kom på plass i sjøen kring dei yttste flytekaiane.

I dette arbeidet var også hamnebåten «Blåtass» med i arbeidet. Det vart opplyst at lensene, tynn netting med bommull i, etter bruk vart rekna som spesialavfall klart for levering til SIM. Politiet var til stades og gjorde sine undersøkingar.