«Eventyrlege India» i Senioruniversitetet

(Biletet er henta frå Senioruniversitetet i Sunnhordland sin Facebook-profil)

Tysdag 26. mai klokka 11.00 avsluttar Senioruniversitetet vårsemesteret med Torbjørn Færøvik si forelesing «Eventyrlige India — fra fattig til rik?»

India reiser seg som ei stormakt i verda. For tre år sidan gjekk folketalet i landet forbi Kina sitt, og India har no godt over 1,4 milliardar innbyggjarar. I fjor rykte landet opp på fjerdeplass over verdas største økonomiar, framfor Japan.

Samtidig står India overfor store sosiale utfordringar med betydeleg fattigdom og alvorlege miljøproblem. Forholdet til naboar som Kina og Pakistan er heller ikkje det beste.

Torbjørn Færøvik er forfattar, historikar og tidlegare utanriks-journalist i NTB, Arbeiderbladet og NRK. Han har skrive tolv bøker om Asia, tre av dei om India, og er tre gonger blitt heidra med den litterære Brageprisen. Fleire av bøkene er gitt ut i andre land, mellom anna av National Geographic.

Vel møtt i Bømlo kulturhus på tysdag til denne forelesinga om India, eit land og ein kultur som me ikkje høyrer så mykje om no når nyheitene er prega av andre stormakter og deira leiarar.

Helsing
Styret