
Det var ikkje akkurat kø og trengsle for å koma inn i Småsalen i kulturhuset tysdag ettermiddag. Og det var synd, for det var viktig informasjon til innbyggarane Stord Vatn og Avløp AS hadde å by på i det tillyste folkemøtet. Langt fleire enn dei rundt tretti som møtte hadde garantert funne informasjonen høgst interessant. Kommunedelplanane for avløp og vassmiljø og vassforsyning gjeldande 12 år fram i tid, har med seg kostnand stipulert til 3,7 milliardar kroner – og den rekningen skal delast på stordabuen i form av aukande gebyr kvart år mot 2037. EU-krav pressar saka fram.
I heilt korte trekk, fortel planane som no ligg ute til offentleg ettersyn at alle kloakk-avløp på strekningen Fuglevikjo til Dyvik, kor ein heil del renn ureina til sjøs, skal samlast av ein romsleg leidning og føra avløpet til eit gigantreinseanlegg som skal byggjast på Skjersholmane. Slammet skal samlast i store lukka containerar og bli bidrag til komposten hjå SIM, medan vatnet frå anlegget i rein versjon, skal sleppast ut på 40 meters djupne i Bømlafjorden. Resipienten i fjorden skal vera god.
Kommunedelplanen for vassforsyning ber med seg større investeringar ved reservevasskjelda vår, Ravatnet på toppen av Vatnadalen. Demningen som har stått i snart 100 år må renoverast, det skal leggja nye leidningar med større dimensjon. Målet er sikker forsyning av drikkevatn gjennom «vassormen» som alt buktar seg i Stord-grunnen. Ferdig utbygt vil kommunevatnet alltid renna når me skrur på springen, anten frå Ravatnet eller Tysevatnet.
Eit anna mål er det stadig pågågander arbeidet med å skifta røyr og tetta lekkasjar. Her er Stord VA godt siget, noko som gjer at stadig større deler av vatnet som blir slept på nettet kjem fram til forbrukar og ikkje forsvinn undervegs til dei som skal koka kaffi, starta oppvaskemaskinen – eller må trekkja i snora.
Plandokument med utfyllande informasjon er å finna under kunngjeringar på www.stord.kommune.no.
Høyringsfristen er 28.juni 2026.
