Dam til evig tid, eller?

Tørt elles, men alltid vatn til bussdammen. (Foto: Steinar Hystad)

Det er slett ikkje sikkert at det regnar fordi om du høyrer plaskelydar når du ventar på bussavgangen på Leirvik Terminal. Det kan like gjerne vera ein privat- eller taxibil som som lagar vasslydane. Så godt som alle
besøkande bilar til haldeplassen må nedi med hjula i den evige dam. Sjå berre på biletet, som viser tørrt område, unntatt i dammen der vatnet frå siste regnbyge har lagt seg til ei slags evig kvile. Er det ikkje mogleg å setja inn «eit støt» som kan få vatnet til renna vekk?